Om oss


SOFORK
Orkesteret hadde sin første konsert på Sandane den 5. mars 1976! Dette orkesteret var i full aktivitet fram til 1980 før det dessverre vart nedlagt. Det hadde så ein 24 år lang tornerosesøvn. Det vart jobba i fleire år i kulissane for å få orkesteret på beina igjen før det igjen oppstod i si noverande form i 2003. Initiativet på 1970-talet kom frå Anders Andersen i Sogn. Denne gongen kom initiativet frå Arvid Anthun og Johan Bengtsson som begge då var tilknytta kulturskulen i Førde.
Kulturavdelinga i Fylkeskommunen vedtok i sin musikkplan å prioritere arbeidet med å få i gang eit eige fylkesorkester. Etter eit innlegg av Arvid Anthun på årsmøtet til Norsk Kulturskuleråd vart det også der vedtatt å starte opp eit symfoniorkester i fylket. NKSR gjekk inn med ei betydeleg prosjektstøtte. Fylkeskommunen følgde opp med både god administrativ hjelp og god økonomisk bistand.
Dei mange kommunane stilte sine musikarar og musikklærarar til disposisjon.
​
Premierekonserten vart halden i Sogndal 13. mars 2004 til gode kritikkar. Det har skjedd mykje i fylket sidan 1970-tallet. Dei fleste kommunane har no oppegåande musikk- og kulturskular med høgt utdanna musikarar som lærarar. I tillegg har ein fått distriktsmusikarordninga som har gitt oss profesjonelle utøvarar på fleire ulike instrument i fleire kommunar. Dei siste åra har ein fått Opera Nordfjord sitt orkester som er satt saman av profesjonelle krefter. Sogn og Fjordane Symfoniorkester har lagt opp til ein annleis modell i orkesteret si samansetjing. Det har vore viktig å få stor breidde og å legge vekt på det pedagogiske arbeidet slik at ein kan vidareutvikle kompetansen på orkesterspeling i fylket. Sogn og Fjordane Symfoniorkester er no samansett av distriktsmusikarar, musikklærarar, amatørar og dyktige studentar. Orkesteret har ikkje prøvespel, men fri påmelding! På enkelte instrument er der difor venteliste for å komme med. Orkesteret skal vere til inspirasjon for både orkesteret sine medlemmer og for ulike publikumsgrupper, og ein prøver difor å legge samlingane til forskjellige stader i fylket kvar gong. Dirigenten fungerer i samarbeid med orkesteret sitt programråd, som musikalsk leiar. Tone Støylen Holgersson er leiar i styret og fungerer som administrativ dagleg leiar.​

